Skadd syklist henta av luftambulanse i Harstad
Ein syklist er skadd på Middagsfjellet i Harstad. Syklisten har sjølv ringt og bede om hjelp til å komme seg ned frå fjellet, opplyser Troms politidistrikt.
– Det er ein mann i 50-åra. Han har smerter som gjer at han ikkje klarar å sykle ned sjølv. Han er ikkje heilt på toppen, men ca. i 500 meters høgde, opplyste operasjonsleiar Eirik Kileng til NRK kl. 15.30.
Middagsfjellet i Harstad ligg på 565 meter over havet.
Det skal vere lågt skydekke og vanskeleg flyvêr i området. Det vart derfor sendt ut mannskap frå Norsk Folkehjelp, i tillegg til luftambulanse.
Kl. 15.46 melder Troms politidistrikt at syklisten har blitt henta av luftambulanse. Han blir vidare teken hand om av helsevesenet.