Danmark om dronehendingar: – Det liknar ein modell for hybridkrig
Danmark held torsdag pressekonferanse etter dei siste droneflygingane over flyplassar, der landets øvste tryggleiksleiing er samla.
– Det liknar ein modell for hybridkrig som vi ser andre stader i Europa, seier sjefen for Politiets Efterretningstjeneste (PET), Finn Borch. Tenesta tilsvarar PST i Noreg.
– Vi står i ein alvorleg situasjon, og vi må rekne med at dette vil halde fram. Det er viktig å understreke at vi ikkje har opplysningar som peikar på kven aktøren er, sa sjefen for Forsvarets Efterretningstjeneste (FE), Thomas Ahrenkiel.
Samstundes opplyste rikspolitisjef Thomas Fogde, at dei ikkje veit nøyaktig kvar dronane kjem frå.
Likevel ovevaker danske styresmakter grensa mot Tyskland ekstra nøye, ikkje av mistanke mot nabolandet, men for å stoppe mogleg droneinnførsel.
Fogde understreka at vanlege danskar ikkje har grunn til å kjenne seg utrygge.
– Vi har kapasitetar, både våre eigne og frå forsvaret, til å stanse eller skyte ned ein drone, seier PET-sjef Borch på spørsmål om landet har evne til å handtere slike situasjonar.
Landet ser ut til å ruste opp forsvaret etter dei siste dronehendingane.
PET-sjefen, Borch peikar på at droneutviklinga går raskt, og at Danmark ikkje har nok utstyr.
– Vi må kjøpe meir utstyr, og det krev store investeringar for oss alle, seier han.