Minst 17 drepne i fengselsopprør i Ecuador
Minst 17 menneske er drepne i eit fengselsopprør nord i Ecuador, melder Reuters.
Det er snakk om eit samanstøyt mellom rivaliserande gjengar. Gjengkrigar har sidan 2021 herja i landets fengslar som er overfylte.
Landet grensar til Peru og Colombia, to land som er kjent som to av verdas største kokaineksportørar.
Styresmaktene i landet har tidlegare uttala at meir enn 70 prosent av verdas kokain passerer gjennom ecuadoriansk hamnar.
Dei opplyser no at di gjennomfører undersøkingar for å klargjere kva som har skjedd.