Resultatfall for Nokia
Det finske selskapet Nokia hadde eit resultat på 435 millionar euro i tredje kvartal, melder Reuters.
Det er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det trass i selskapet sin auke i sal på 9 prosent.
– Framover ligg vi godt an til å nå våre mål for heile året, seier konsernsjef Justin Hotard i ei fråsegn.