Glatte vegar: Fekk bil i hagen
Det er glatte vegar fleire stader i landet fredag morgon.
Rett før klokka 04 natt til fredag låg Andreas Lyshaugen og sov i huset sitt ved Jordalsvatnet i Åsane i Bergen. Men han fekk ikkje sova til alarmen gjekk.
– Eg vakna av eit brak. Då eg såg ut av soveromsvindauget så stod det ein bil mellom min bil og muren, fortel Lyshaugen til NRK.
Les meir: