1800 tilsette i Helse Møre og Romsdal har mista tilgang
Ein feil i eit system førte til at 1800 tilsette i Helse Møre og Romsdal har mista tilgang til å logge på kjernejournal, signere sjukemeldingar og e-resept.
Etter kvart fekk ein opp ei avgrensa løysing med pålogging til Helseplattforma med BankID, men med funksjonar som mangla.
– Feilen vil ikkje få konsekvensar for pasientbehandlinga, bedyrar medisinsk e-helsesjef Henrik Erdal i Helse MR.
NRK ventar på svar på fleire spørsmål frå Helse Møre og Romsdal.
Som følgje av feilen må dei 1800 tilsette få nye tilgangskort. For å få nytt kort må tilsette ta med pass eller nasjonalt ID-kort på jobb.