Valdssikta politimann framleis fengsla etter eit halvt år
Ein politimann i Vest politidistrikt er framleis varetektsfengsla, eit halvt år etter at han vart pågripen.
Han er sikta for vald i nære relasjonar. Fredag vart han varetektsfengsla i fire nye veker.
Han vart pågripen i juni. Saka blir ikkje etterforska av Vest politidistrikt, men av Sør-Vest politidistrikt.