Brann i Førde sentrum: Evakuerer bygg
Brannvesenet meldte klokka 15 om kontroll på ein brann i Førde sentrum.
Det skal ha vore mykje røyk i eit bygg på to etasjar og det blei sett i verk evakuering.
Det er ikkje meld om skadde personar.
Bygget ligg nært E39 og trafikken kan bli påverka, skriv politiet.
Fungerande vaktleiar Trond Landaas hos 110 Vest seier i ei oppdatering at dei har kontroll på staden. Det skal vere snakk om ei kortslutning, og straumen i bygget er tatt.
Utrykkingsleiar i brannvesenet Per Stian Hammar seier brannen starta i eit ventilasjonsaggregat. Han beskrive situasjonen som veldig alvorleg.
– Hadde det ikkje vore for at eigar eller butikktilsette som var kjappe og skrudde av straumen, så kunne det blitt brann, seier Hammar.
Det har kome ein del røyk i bygget, så brannvesenet luftar no ut.