Bjørnafjorden: Eksplosjon i båt
Samtlege naudetatar vart kalla ut i Bjørnafjorden etter melding om eksplosjon i ein arbeidsbåt.
– Statisk elektrisitet har ført til ein mindre "eksplosjon" i samband med fylling av drivstoff, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.
Båten skal ifølgje politiet tilhøyre Lerøy.
Politiet fekk melding om hendinga via AMK like før klokka halv ni. Ein kvinne varåleine om bord i båten. Vedkomande skal ha fått smerter i eit kne. I tillegg er ei dør skadd i samband med eksplosjonen.
– Hendinga skjedde kring 20 meter frå land, opplyser Kolltveit.
Like før klokka 09 opplyser politiet at båten er slept til land, og at det er god kontroll på situasjon.
– Udramatisk på staden, seier Kolltveit.
Politiet opprettar sak på hendinga og gjer no undersøkingar på staden. Ifølgje politiet er det andre gong på tre veker at det skjer ei slik hending. Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla.