Nav får kritikk frå Sivilombodet
Sivilombodet har undersøkt Nav sine digitale system.
Dei er kritiske til at foreldre som representerer barna sine, verjar og fullmektige ikkje får digital tilgang for å handle på vegner av den de er bedne om å representere.
Foreldre får beskjed om å ringe eller sende brev med posten i mangel på digital tilgang til opplysningar om barnet sitt, skriv Sivilombodet i ei pressemelding.
– Tilgang til digitale tenester har stor betydning for eit likeverdig tenestetilbod for brukarar som treng hjelp frå andre for å sikre rettane sine, seier sivilombod Hanne Harlem i pressemeldinga.