Politiet ber om tips etter brann i Ålesund
Dei 300 evakuerte etter storbrannen i Ålesund får framleis ikkje flytte heim igjen. Det seier Tony Gjerde, fungerande stabssjef Møre og Romsdal politidistrikt, på ei pressekonferanse.
Sidan klokka 14.19 i går har det brunne i terrenget ved Sukkertoppen i Ålesund. Ei stund var det fare for at brannen kunne nå bustadar.
– Per no er situasjonen framleis uavklart, så evakueringa blir opprettheldt, seier Gjerde.
Han vektlegg vidare at dei ber om tips.
– Vi er interesserte i tips, spesielt frå personar som har oppheldt seg i område ved Tueneset i går i forkant av brannen.