Evakueringa held fram i Sumy
Også i dag kan sivile få evakuere ut av den ukrainske byen Sumy. Dei humanitære korridorane vil bestå i dag også, seier guvernør Dmytro Zjyvytskyj ifølge Reuters.
Rundt 6700 personar har blitt evakuert frå Sumy, sørover til Poltava. Ifølge Russland vil det vere våpenkvile i fleire byar frå klokka 8 onsdag.