IMF vil gje penger til Libanon mot nye refomer
Det internasjonale pengefondet (IMF) sa torsdag at dei har blitt einige med Libanon om eit utkast til ein finansieringsavtale. Det melder Reuters.
For at Libanon skal få pengestøtte, må dei vedta ei rekke økonomiske reformer før styret avgjer om dei skal godkjenna avtalen.
Ein avtale med IMF er sett på som avgjerande for at Libanon skal komma seg etter ei økonomisk krise som har ramma landet sidan 2019.
Reformane som IMF krev frå Libanon inkluderer skritt som landet sine regjereande politikarar så langt ikkje har klart å levera på sidan den økonomiske krisa braut ut, som til dømes å finna ut korleis dei skal gjera opp for eit tap på 70 milliardar dollar frå finanssystemet.