Trump vil ikkje tilbake til Twitter
Tidlegare president i USA, Donald Trump, seier at han ikkje vil gå tilbake til Twitter dersom Elon Musk sitt nyleg bekrefta kjøp av selskapet skulle føra til at Trump sin konto blir gjenoppretta. Det melder Reuters.
Trump fortalde Fox News at han vil halda seg til si eiga sosiale medium-satsting Truth Social.
Trump har vore utestengd frå Twitter og Facebook i meir enn eit år.