Carlsen tapte norsk duell
Magnus Carlsen held føringa i Norway Chess-turneringa med eit halvt poeng etter å ha tapt den norske duellen mot Aryan Tari i armageddon.
Tari slo verdsmeisteren i armageddon etter at eit spennande klassiskparti enda med remis. Der hadde Carlsen med svarte brikker lege bak spelemessig ein periode, før han vende til fordel. Etter 43 trekk blei spelarane likevel samde om remis.
I armageddon-delen gjorde Carlsen ei svak opning, og Tari klarte å hale sigeren i land med dei kvite brikkene. Carlsen var småirritert etter å ha tapt i armageddon for tredje gang på rad, men roste Tari for bra spel.
Toar Vishy Anand slo Teimur Radjabov i armageddon tysdag og knappa dermed inn eit halvt poeng på Carlsen i samandraget. Det står att to rundar av Norway Chess, og dei skal spelast torsdag og fredag.