Protestar i Ecuador
Urfolksgrupper i Ecuador blokkerer måndag motorvegar med jordhaugar og brennande dekk i protest mot den økonomiske politikken til president Guillermo Lasso, melder Reuters.
Dei ber Lasso senke prisane på bensin, stoppe planane om å utvide utvinninga av olje og gruver, og utvide fristane for småbønder å betale ned gjeld i bankane.
Demonstrantane seier dei vil protestere på ubestemt tid.