RBK heldt liv i tynt grunnserie-håp
Rosenborg slo Kolbotn 2-0 og har framleis ein knøttliten teoretisk sjanse til å vinne grunnspelet i Toppserien.
Cesilie Andreassen scora på straffe i sluttsekunda av første omgang, og Mathilde Harviken dobla etter 72 minutt.
Rosenborg ligg tre poeng bak Brann med ein kamp att, men med 11 mål dårlegare målskilnad.
Brann, Rosenborg og Vålerenga er forlengst klare for sluttspelet, og vil ta med seg 6, 4 og 2 poeng.
Men berre fire poeng skil fire lag som framleis er med i kampen om den fjerde plassen.
Stabæk har den no med 24 poeng etter 1-1 mot Brann i går, og med ein kamp igjen.
Lyn kunne gått forbi Stabæk søndag, men måtte nøye seg med 1-1 mot Arna Bjørnar og har 23 poeng. LSK Kvinner har 22 etter 3-0 over Røa, medan Kolbotn tapte terreng etter tapet for Rosenborg. Dei har 20 poeng.
Dei tre laga har to kampar igjen.