Guterres : – Vi fører ein krig mot naturen
– Naturen er under angrep.
Slik opna statsministeren i Canada Justin Trudeau FNs naturtoppmøte COP15 i Montreal i Canada.
Målet med COP15 er å vedta eit rammeverk for globalt biologisk mangfald – som har blitt kalla «ein Parisavtale for naturen».
– Vi fører ein krig mot naturen, sa generalsekretær i FN António Guterres i tala etterpå.
Vidare fortel han at vatn, land og luft er forgifta av kjemikaliar, sprøytemiddel og kvelt av plastikk. Han seier at fossilt drivstoff har kasta klimaet vårt i eit kaos av hetebølgjer, skogbrannar, tørke, varme, og flaum.
– Vi behandlar naturen vår som eit toalett. Dette toppmøtet er vår sjanse til å stoppe desse øydeleggingane.