Lokalval utsett i Kosovo
Fire lokale val i område dominert av serbarar i Kosovo er utsett frå desember til april neste år.
Vala skulle fylle ledige sete i nasjonalforsamlinga etter at parlamentsmedlemmar trekte seg i protest mot at regjeringa har kravd at serbarar i Kosovo må slutte å bruke serbiske bilskilt, eller bli bøtelagde.
Dei største serbiske partia har sagt dei vil boikotte valet.
Den siste tida har det vore fleire samanstøytar mellom innbyggarar i område med mange serbarar og politiet.
Kosovo lausreiv seg frå Serbia i 2008, men Serbia har aldri akseptert dette.
Laurdag sa også Serbias president Aleksandar Vucic at han ville be Natos fredsbevarande styrker om lov til å plassere ut serbisk militærpersonell og politi i Kosovo, melder Reuters.
Presidenten seier at ei slik utplassering er i tråd med ein resolusjon frå 1999, men at han ikkje trur førespurnaden blir teke til følge.