Sigersparaden i Buenos Aires avbroten: Landslaget henta med helikopter
Fire millionar menneske skal ha vore ute i gatene i Buenos Aires i Argentina for å få eit glimt av Messi og VM-trofeet tysdag. Landslaget køyrde gjennom gatene i ein open buss, som til slutt blei nøydd til å endra rute då han ikkje greide å komma seg fram. Planen var at bussen skulle bruka åtte timer på å køyra ei 30 kilometer lang sigersrute, men etter drøye fire timar var han langt bak skjema. Folk prøvde å halda følge med bussen både til fots og med motorsyklar og andre tohjularar. Spelarane blei til slutt nøydde til å forlata bussen, og blei frakta vekk frå kaoset i helikopter.
Fordi at bussen måtte endra rute, flaug rykta om at folk venta på feil stad, noko som førte til at mange prøvde å ta seg til andre stader.
Myndigheitene i Argentina har gjort tysdagen til ein nasjonal fridag for høve VM-triumfen. Ifølge argentinske medium har tog til hovudstaden vore overfylte tysdag, og ein blei nøydde til å stenga både tog- og t-banestasjonar på grunn av dei store folkemengdene. Mobilnettverka fekk også problem med å tåle belastninga. (NTB/NRK)