Vestre om regjeringsstriden: – Vi er optimistar
Nestleiarane i Arbeidarpartiet, Jan Christian Vestre og Tonje Brenna, stadfester at det er unison semje om å innføre dei tre omdiskuterte EU-direktiva, men også å finne ei løysing med Senterpartiet (Sp).
– Det er viktig å behalde eit godt forhold til Sp og prøve i det lengste å finne ei løysing med dei. Vi er optimistar og vil prøve å få det til. Samtalene held fram og så får vi sjå korleis dette går, seier Vestre, etter at Ap har hatt gruppemøte om saka onsdag ettermiddag.
– Korleis er det mogleg å finne ei løysing med dei no?
– Når ein prøver å løyse noko, så jobbar vi fram til vi finn ut av det, seier Brenna.