Meiner Musk bør gå av som Tesla-sjef
Ross Gerber, ein av Tesla sine første investorar, meiner at Elon Musk må trekke seg som sjef for bilprodusenten.
Han meiner at Musk har øydelagt omdømmet til selskapet.
Han seier til Sky News at Musk enten bør gå av som sjef i Tesla, eller slutte i rolla som rådgjevar til Donald Trump.
Sidan desember har marknadsverdien til selskapet gått ned med over 800 milliardar dollar, skriv NTB.