Statsråd med bananfobi går av
I Sverige går likestillingsminister Paulina Brandberg frå Liberalerna av. Til nyheitsbyrået TT seier ho at ho vil bruka meir tid med familien.
I fjor haust fekk Brandberg mykje merksemd då ho stod fram med at ho er svært redd for bananar. I dag seier ho at skriveria ikkje har noko å gjera med hennar avgjerd om å gå av.