– Bra med avtale mellom USA og Kina
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) ser positivt på at USA og Kina har kome fram til ein avtale om nye tollsatsar.
Avtalen skal vare i 90 dagar og begge landa reduserer tollsatsane sine.
– Det er bra med ein avtale mellom USA og Kina. Det har mykje å seie for verdsøkonomien og for handel over heile verda.
– Trur du vi får sjå ein mjukare Trump framover?
– Eg skal vere forsiktig med å gjere meg til kommentator om Trump og kva han tenker, men det er openbert bra for næringslivet, verdsøkonomien og dermed også for folk at USA og Kina har landa ein avtale.