Bombetrussel mot fly i Belgia
Flytrafikken ved Charleroi-flyplassen i Belgia er stengt etter at eit Ryanair-fly på veg frå Porto i Portugal måtte lande etter meldingar om bombetruslar.
Alle dei 166 passasjerane om bord er evakuerte og det er oppretta ei tryggingssone på 500 meter rundt flyet.
Terminalen er ikkje evakuert enno fordi han ligg utanfor tryggingssona, men hovudvegen utanfor flyplassområdet er stengt.