Aftonbladet: Fleire personar påkøyrde i Malmö
Fleire personar er påkøyrde i Malmö, melder Aftonbladet.
Ein bil har køyrd inn i eit hus, og i forbindelse med det har nokre personar blitt påkøyrde, opplyser politiet til avisa.
Personane skal ifølge politiet vere vakne og tilsnakkande.
Dei seier dei har snakka med bilføraren.
Hendinga blir undersøkt, men politiet reknar ho førebels som ei ulukke.