Minst ni skadde etter påkøyrsel i Nederland
Minst ni personar er skadde etter at ein bil køyrde inn i ei gruppe menneske i Nunspeet, a ifølge politiet, melder De Telegraaf.
For tre av dei skadde er situasjonen alvorleg.
Politiet mistenker ikkje noko kriminelt, men at det truleg dreier seg om ei ulykke.
Men dei seier dei held fram å etterforske hendinga.