Al-Shabaab truar etter at Israel anerkjente Somaliland
Den islamistiske gruppa Al-Shabaab seier dei vil kjempe mot det dei omtalar som forsøk frå Israel på å «ta i bruk eller gjere krav på delar av Somaliland».
Det skjer etter at Israel har anerkjent det utbrytarregionen området som ein uavhengig og suveren stat.
– Vi vil ikkje akseptere dette, og vi vil kjempe mot det, heiter det i ei fråsegn frå gruppa.
Gruppa har tilknyting til Al Qaida og blir rekna som ein terrorgruppe av PST.
Somaliland ligg nord i Somalia og var tidlegare britisk koloni. Resten av Somalia var italiensk koloni.