Brann i bygg i Høyanger – evakuerer to nabobygg
Eit hus i Høyanger i Sogn er fullt overtent, og to nabohus blir evakuert, melder 110 Vest.
Ingen personar har bustadadresse i huset som brenn, og ifølge politiet har det ikkje budd nokon i huset på mange år.
Brannvesenet har ikkje kontroll per no.
Omlag eit kvarter før melding om brann fekk politiet melding frå forbipasserande om kubbelys som brann i gangen. Det er no funne fyrstikkar på staden.
– Det skal vere noko avstand til andre bygg, så det er lite sannsynleg at brannen kan spreie seg, seier Fanebust.
Ingen personar skal vere skadde, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.