Vintervêr skapar utfordringar for flytrafikken ved Schipol lufthamn
Fleire flyavgangar er forseinka eller kansellert ved Schipol lufthamn i Amsterdam i Nederland måndag morgon, opplyser lufthamna på sine nettsider.
Årsaka er vintervêr og avising av fly. Lufthamna rår reisande til å vere førebudd på forseinkingar og innstilte fly, og kontakte flyselskapa ved behov.