TV 2: Mann døydde av to skot i hovudet – politiet trur det var sjølvdrap
Ein mann som blei funnen død i ein bustadbrann i Bergen i januar 2025, døde av to skot i hovudet, skriv TV 2.
Sjølv om han døde av to skot, trur politiet at det var sjølvdrap.
Natt til 15. januar 2025 brann eit hus ned ved Kalandseidet i Bergen. Ein 89 år gamal mann blei henta ut av huset og erklært død, men ikkje på grunn av brannen, skriv TV 2.
Obduksjonsrapporten viste at mannen døde av to skot i hovudet. Mannen blei funnen på soverommet og døde truleg før brannen nådde rommet, då han ikkje hadde sot i lungene.
Ifølge Kripos sine vurderingar kan det ikkje ha vore mogleg for mannen å fyre av skotet, korkje i sittande eller ståande stilling.
Politiet meiner derimot at våpenet kan fyrast av på andre måtar.
– Ifølge rettsmedisinaren som obduserte avdøde, vil det vere mogleg å overleva eit slik skot for deretter å lade våpenet og fyre av eit nytt skot, seier politiadvokat Are Nygård Bergh.
Ifølge TV 2 er dei etterlatne kritiske til politiet si etterforsking og meiner saka ikkje er etterforska grundig nok.