24 000 vil slette studiegjeld
Statens lånekasse har opplevd stor pågang etter at det ved nyttår vart opna for å få sletta inntil 25 000 kroner av studiegjelda for usentrale kommunar.
Til no har 24 000 søkt om å få sletta studiegjeld. Det er nær halvparten av alle som ein reknar med fell under ordninga.
Senior kommunikasjonsrådgivar Gunnar Omsted seier at pågangen, særleg det første døgnet, var så stor at søkjarar fikk feilmelding.
– Tysdag morgon, under eitt døgn etter at søknaden opna, var kring 12 000 søkjarar, seier han. Av desse var kring 3000 berre frå Vestland fylke.
Ordninga med sletting av studiegjeld gjeld for innbyggjarar busett i dei 189 minst sentrale kommunane i Noreg. I tillegg blir beløpet som kan bli sletta for dei med studielån i innsatssona Finnmark og Nord-Troms dobla.
Omsted seier at det ikkje er bråhast med å søke.
– Om du hadde opptening for heile 2025, held det at du søkjer seinast innan utgangen av mars månad.