Gult farevarsel for is: – Finn fram broddane
Meteorologane har sendt ut eit gult farevarsel for is. Det er lokalt fare for is på grunn av regn som frys på kald bakke i overgangen til mildvêr.
– Finn fram broddane, melder meteorologane.
I høgda og i indre strøk vil nedbøren kome først som sludd og snø.
Meteorologane melder vidare at det kan vere lokalt vanskelege køyreforhold.