Regjeringa vil ha gjennomgang av Nav
Regjeringa vil at ei gruppe ekspertar skal sjå på om Nav fungerer som det skal og om arbeids- og velferdsforvaltninga er godt nok rusta for framtida.
– Vi veit at ikkje alt fungerer optimalt i dag. Det må vi endre, for å sikre at vi når målet om fleire i arbeid og færre på trygd, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) i ei pressemelding.
Eit av måla er å sikre ein meir «einskapleg og effektiv stat» for brukarane gjennom regjeringa sin Plan for Noreg.