Førebelse resultat i Uganda: Museveni gjenvald
President i Uganda, Yoweri Museveni, tek ei tidleg leiing i oppteljinga etter torsdagens val. Førebelse resultat vart annonsert fredag morgon etter at 45 prosent av stemmene er talte.
Dei viser at Museveni har ei komfortabel leiing med 76 prosent av stemmene. Hovudmotstandar Bobi Wine har rundt 20 prosent av stemmene, melder mellom anna Reuters.
Museveni har vore president sidan 1986.
Allereie på valdagen påstod opposisjonsleiar Wine at det hadde vore omfattande juks ved valet. Han la ikkje fram noko bevis for dette.
Medarbeidarane til Wine seier til same nyheitsbyrå at politiet har sett han i husarrest.
Ugandiske styresmakter har også fleire gonger tidlegare vore skulda for valjuks og grove brot på menneskerettane i samband gjennomføringa av presidentval i landet. Dei siste tre dagane er internett slått av i Uganda, mellom anna for å hindre mobilisering mot regimet.