Møteulykke i Ullensvang – tre til sjukehus, éin i luftambulanse
Ein personbil og ein buss har frontkollidert på E134 sør for Skare i Ullensvang i Vestland.
Det var tre personar i bilen. Èin av desse er frakta til Haukeland i luftambulanse, medan dei to andre blir frakta til sjukehus i vanleg ambulanse, melder politiet klokka 14.11.
Politiet beskreiv alle dei tre som vakne klokka 13.14.
Det var fire personar om bord i bussen, alle desse har hevda seg uskadd.
Både Vegtrafikksentralen og politiet har meld om glatt snøføre på vegen, og vegtrafikksentralen har sagt trafikantar må forvente periodevis stenging.