Auksjonsrekord for ukjend Michelangelo-skisse
Ei over 500 år gamal Michelangelo-skisse frå Det sixtinske kapell gjekk for rekordhøge 265 millionar kroner på ein auksjon hos Christie's i New York, melder NTB.
Skissa blei nyleg oppdaga, og viser ein naken fot som står lett på tå.
Bodrunden varte i 45 minutt, og enda på 20 gongar over prisforslaget til auksjonshuset.
Identiteten til den nye eigaren er foreløpig ikkje kjent.