Person til sjukehus etter valdshending i Bergen
Ein person er frakta til sjukehus med ambulanse etter ei valdshending i Arna i Bergen søndag kveld.
Politiet fekk melding klokka 22.26 om at ein person hadde blitt utsett for vald utanfor heimen sin.
Politiet kom til staden om lag 20 minuttar seinare. Fornærma vart då sendt med ambulanse til Haukeland universitetssjukehus.
Til stades under valdshendinga var også ein nærståande av personen som vart utsett for valdshendinga. Vedkomande fekk lettare skadar og vart sendt til legevakta for oppfølging.
Ingen er så langt pågripne, og det går føre seg ein større leiteaksjon i ulike stadar av Bergen.
Politiet starta søk med både hund og drone, utan å finne ein gjerningsperson. Politiet har fleire kontrollpunkt ulike stader i Stor-Bergen.
Politiet skriv at dei også avhøyrer vitne og undersøker digitale spor.
Politiet har også starta krimtekniske undersøkingar på åstaden.