Fleire lokale verft er vidare i forsvarskonkurranse
Fleire lokale verft får kjempe vidare om oppdraget med å byggje 28 nye fartøy for forsvaret.
Både Kongsberg Maritime AS, Skipsteknisk AS og Ulstein Design & Solutions AS er med vidare, skriv Forsvarets forum.
Forsvarsdepartementet vil at skipa skal vere norskproduserte, og lyste ut ein nasjonal konkurranse for bygginga tidlegare i haust.
Vardgruppa har også sagt tydeleg at dei ønskte å vere med i konkurransen, men er altså ikkje blant dei som er plukka ut.