Sverige sender kampfly til Grønland
Sverige vil sende Gripen-kampfly til Grønland for å patruljere området som ein del av Nato sin operasjon «Arctic Sentry», skriv det svenske forsvarsdepartementet i ei pressemelding.
Oppdraget skal styrke alliansen sitt nærvær i Arktis.
– Som allierte i Nato har Sverige eit ansvar for å bidra til tryggleiken i heile alliansen sitt område. Arktis får stadig ein større strategisk betydning, skriv dei i pressemeldinga.