Gisèle Pelicot med bok om grenselause overgrep
Ei omfattande valdtektssak vakte oppsikt i Frankrike hausten 2024. Gisèle Pelicot blei i ni år dopa ned av ektemannen Dominique Pelicot, og blei valdteken av han og fleire titals andre menn.
No har Gisèle Pelicot skrive ei bok om si historie.
– Eg tenkte denne boka kunne vere nyttig, at historia mi kunne hjelpe andre til å forstå at uansett kva vanskelege prøver vi møter i livet, så kan vi overvinne alt, seier ho til NRK.
Dominique Pelicot er dømd til 20 år i fengsel. Dei 50 andre tiltalte fekk mellom tre og 15 år i fengsel.