USAs utanriksminister taler i München
Det har vore stor spenning i forkant av USAs utanriksminister Marco Rubio sin tale under tryggingskonferansen i München i Tyskland.
– Vi er her i dag som medlemmar av ein historisk allianse. Ein allianse som har redda og endra verda, seier Rubio.
Rubio meiner at USA og Europa sine skjebnar er samanbundne.
– Vi vil at Europa skal vere sterke. Vi meiner Europa må overleve, seier han.
– Vi vil ikkje splitte, men gjenopplive eit gamalt vennskap og fornye den største sivilisasjonen i menneskeslekta si historie, legg han til.