Snøen lavar ned i Vestland – alt av brøytemannskap er ute
Det snør godt i Vestland onsdag morgon, og vegtrafikksentralen har fått meldingar frå trafikantar i store deler av fylket.
Det er også meldt om fleire trafikkuhell, mellom anna i Kvam og på Stord.
– Me har meldingar frå Bremanger i nord til Stord i sør om at det er mykje snø på vegen, opplyser trafikkoperatør Thor André Snekkevik ved Vegtrafikksentralen Vest.
Han fortel at dei har alt ute av brøytemannskap for å ta hand om snøen.
– Men når det er pågåande snøvêr så får me ikkje brøyta overalt samstundes. Utover dagen så skal det verta lettare vêr, så vonleg får me brøyta og den svarte asfalten kjem fram igjen, seier han.
Han oppmodar bilistar om å køyra etter forholda. På biletet ser me E39 over Ostereidet i Nordhordland.
Skyss melder at snøen skapar utfordringar for enkelte bussruter.