Funn av leivningar etter brann på Bømlo
Politiet har funnet leivningar i ruinane etter brannen på Bømlo.
Natt til måndag fekk politiet melding om ein brann i eit bustadhus på Bømlo. Huset var då overtent og brann seinare heilt ned til grunnen.
Politiet har forsøkt å kome i kontakt med ein mann som er registrert på adressa, utan hell.
På onsdag fann kriminalteknikarar leivningar på åstaden.
– Det er for tidleg å konkludere med om dette er mannen som budde i huset, men vi har ikkje komme i kontakt med vedkommande og er ikkje kjent med at det er andre som er sakna i området, seier politifullmektig Astrid Meringen Schjetne.
Politiet vil no gjennomføre obduksjon av den avdøde og halde fram med kriminaltekniske undersøkingar på staden.
Der har dei òg funne ein død hund.Årsaka til brannen er førebels ukjent.