Mann rømt frå arresten i Ålesund
Politiet leitar etter ein mann som har rømt frå politiarresten i Ålesund. Dei leitar etter mannen i Ålesund sentrum og på Aspøya.
Mannen er sikta for ei rekke lovbrot, blant anna alvorleg vald og truslar. Han skal ha på seg raud bukse og raud genser. Politiet ber om at folk ikkje oppsøker vedkomande.