Støre: Opnar for å bidra med olje frå reservelageret
Oljeprisen stig kraftig som følge av krigen i Midtausten.
Medlemslanda i Det internasjonale energibyået, IEA, er blitt einige om å frigi 400 millionar fat olje frå beredskapslagera for å stabilisere marknaden.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NRK at det kan bli aktuelt for Noreg å bidra.
– Det er einigheit om at det trengst tiltak, og no skal vi frå norsk side vurdere korleis vi kan bidra.
– Kva kan det bli?
– Eitt av spørsmåla er om vi kan gjere olje tilgjengeleg frå reservelageret. Landa har ulike storleikar, men vi skal gjere vår vurdering saman med andre land.