Åtte drepne i israelsk angrep sør i Libanon
Åtte personar er drepne i eit israelsk angrep mot ein landsby sør i Libanon nær hamnebyen Sidon, opplyser det libanesiske helsedepartementet. Det melder nyheitsbyrået AFP.
Ni andre skal vere såra, ifølge styresmaktene.
Ein AFP-fotograf på staden såg redningsmannskap evakuere folk frå bygningen som blei ramma i ein landsby.
Bygningen er del av eit bustadkompleks der mange av innbyggarane er palestinarar, skriv mediet.