Cuba seier dei har hatt samtalar med USA om blokaden
Cubanske styresmakter seier har hatt samtalar med den amerikanske regjeringa for å finne løysingar på blokaden mot landet, seier president Miguel Díaz-Canel.
Uttalen kom i ein video som blei sendt på cubansk statleg fjernsyn tidleg fredag, ifølge Reuters.
USAs handelsblokade mot Cuba blei innført tidleg på 1960-talet etter den cubanske revolusjonen og nasjonaliseringa av amerikanske eigedomar på øya.