Det kan bli 300 kroner i bompengar for å køyre Trollstigen
Onsdag skal Samferdselsutvalet møtast for å mellom anna diskutere finansieringa for å utbetre og sikre Trollstigen.
Den nasjonale turistvegen blir kvart år besøkt av tusenvis av turistar. Dei siste åra har vegen blitt stengt fleire gonger på grunn av rasfare.
Fylkeskommunen, som eig vegen, ønskjer å innføre bompengar på strekninga for å få pengar til å sikre vegen. Kva satsen blir, kjem an kor mykje det vil koste å sikre Trollstigen.
Romsdals Budstikke skriv at det kan blir to bomstasjonar, ein ved foten av Trollstigen mot Isterdalen og ein ved Øvstedal på Valldal-sida. Administrasjonen i fylkeskommunen ser for seg ein grunnsats på 150 kroner per bompassering (utan rabatt). Dermed kan det koste 300 kroner for ein personbil eller bubil og køyre strekninga.