Ankar etter rettssak om kjøp og sal av fugleegg
Ein mann i 80-åra ankar saka etter at han nyleg blei dømd til fengsel i fem månader etter å ha oppbevart, kjøpt og selt egg frå ville og utryddingstrua artar.
Det stadfestar advokaten hans, Steinar Wiik Sørvik.
Mannen blei i tingretten dømd også til å betale over 300.000 kroner til staten for inntektene han har hatt.
Førstestatsadvokat Hans Tore Høviskland i Økokrim sa nyleg at han håpte dommen framstår som ei avskrekking.
Den eldre mannen tviheldt i retten på at han ikkje forstod regelverket og ikkje visste at handel med fugleegga var ulovleg.